Tind Økonomi AS
Os: 978 90 556 Adresse: Brugata 6, 5200 Os
 • Din rekneskapsførar    • Om oss    • Referansar    • Kundehistoriar    • Blogg    

 

 

   Din rekneskapsførar
           

Snarveier:
Antall besøk på siden: 2 334

 

 



Rekneskap og fakturering

Med våre system kan rekneskapet ditt vera oppdatert til ei kvar tid.  Ein fordel med eit oppdatert rekneskap er at du er i stand til å reagera tidlig om nødvendig. Har selskapet ein anstrengt likviditet er det viktig at innbetaling og kunderekneskapet er oppdatert så raskt som mogeleg. Dersom betalinga ikkje har kome, er det viktig å ha gode innkrevingsrutinar slik at du raskt er på ballen for å sikra rask betaling. Dette og mykje anna kan vi hjelpa deg med og tilpassa til det som er viktig for deg. 

Ein typisk rekneskapsleveranse omfattar handlingar som

  • Bilagsmottak av inngåande faktura inkl. prosessering og evt. senda til godkjenning. I godkjenningsfasen påfører du evt. prosjekt og avdeling
  • Registrering av opplysningar og ta stilling til mva-behandling, periodisering, dokumentasjonskvalitet.         
  • Leggja faktura i forfallsliste klar for behandling/betaling.
  • Utføra betaling som du kan gjera sjølv eller setja bort til oss
  • Oppdatera rekneskapet med utførte betalingar og ajourføra leverandørrekneskap
  • Vi utfører fakturering eller legg til rette for at du kan gjere dette sjølv.
  • Utfører lovpliktige avstemmingar periodisk, inkludert lovpliktige spesifikasjonar etter bokføringslova.
  • Utfører lovpålagt rapportering av meirverdiavgift
  • I tillegg til det som er lista over kan vi også bistå med import og eller integrasjon mot spesielle bransjesystem som de brukar.

   
 

 

 

Voss: 959 75 445 Adresse: Regimentsvegen 158, 5705 Voss