Tind Økonomi AS
Os: 978 90 556 Adresse: Brugata 6, 5200 Os
 • Din rekneskapsførar    • Om oss    • Referansar    • Kundehistoriar    • Blogg    

 

 

   Din rekneskapsførar
           

Snarveier:
Antall besøk på siden: 2 346

 

 


Rådgjeving

Leveransen vår innan økonomisk rådgjeving handlar om å bruka informasjon og data som kjem frå rekneskpapet, løn og årsoppgjersarbeid. Bak kvart tal ligg det ein historie om ein prestasjon, utført av ein tilsett, ei gruppe tilsette, eller heile selskapet. Det er kva du gjer kvar dag, som kjem til uttrykk i tala. Talet i seg sjølv er ikkje det mest interessante, men kvifor det vart som det vart, og ikkje minst korleis du kan påvirka det i rett retning. Les meir om kva vi kan hjelpa med i denne bloggen.

Ei grundig forståing av uteståande fordringar, kredittider og omløpstider er viktig for god og likvid forretningsdrift. Vi kan hjelpa til med analysar, og gje råd som verkar. Vi kan også bistå i møte med bank, og overvaka betingelsar, slik at du til ei kvar tid har dei beste vilkåra.
Som rekneskapsførar sit vi med mykje kunnskap som selskapet kan ha nytte og glede av. Det er mange måtar å organisera rådgjevinga på.  Nokon ynskjer å bruke oss som økonomisjef og styrekonsulent, andre ynskjer frittstående analysar.

Tenester som kan leverast innan dette området er
•    Budsjettering, rapportering og prognose
•    Rekneskapsanalyse, kostnadsanalysar og fortenesteanalyser
•    Selskapsorganisering. Stifting av selskap, fusjon, fisjon og avvikling
•    Økonomiske disposisjonar som utbytte, konsernbidrag, kapitalforhøying og kapitalnedsetjing.
•    Spørsmål knytta til skatt og meirverdiavgift
•    Spørsmål knytta til aksjeselskapsrettslege forhold generelt
•    Styrekonsulent
•    Utleige av økonomisjef og rekneskapssjef

   
 

 

 

Voss: 959 75 445 Adresse: Regimentsvegen 158, 5705 Voss