Tind Økonomi AS
Os: 978 90 556 Adresse: Brugata 6, 5200 Os
 • Din rekneskapsførar    • Om oss    • Referansar    • Kundehistoriar    • Blogg    

 

 

   Om oss

Snarveier:
Antall besøk på siden: 2 362

 

 



Om Tind Økonomi

Tind Økonomi er ei moderne rekneskapsbedrift. Alle tenester er web baserte og er tilgjengeleg der du er, og når det passar deg. At regnskapet er oppdatert er viktig for oss, fordi det er viktig for deg.

Vi tilrår Xledger som system, det er det mest komplette forretningssystemet i skya. Det er skalerbart og passar frå små veksemder til store børsnoterte verksemder. Systemet har mange fordeler som andre system ikkje har. Det gjev deg oversikt og økonomisk kontroll over bedrifta di.

Vår forretningsidè byggjer på at rekneskapsproduksjon kan og skal gjerast, så enkelt og effektivt som mogeleg. Du har tilgang til systemet og kan halda deg oppdatert på den økonomiske situasjonen selskapet er i.

I tillegg til tenester innan rekneskap, løn og fakturering tilbyr vi rådgjevingtenester innan heile det økonomiske fagfeltet. Eksempel på slike tenester er budsjettering, skatt, konkurrentanalyse samt analyse av eige verksemd. Vi ynskjer å vera ein strategisk diskusjonspartnar og tilbyr òg personalrådgjevingstenester. Med oss som samarbeidspartnar, vil du få ein leverandør som kan gje selskapet ditt støtte på dei fleste område.

Selskapet vart etablert i 2008 og har vore i kontinuerleg vekst. Selskapet har lokale eigarar som kjenner næringslivet i Hordaland. I 2019 fusjonerte selskapet med Atelas AS. Selskapet har avdeling både på Voss og i Os.

Selskapet har fire autoriserte rekneskapsførarar og ein statsautorisert revisor.  Fleire av dei tilsette er i utdanning for autorisasjon, og fleire hevar kompetanse sin på systemet slik at vi på beste måte kan vera den økonomipartnaren du treng og fortener.




 

 

 

Voss: 959 75 445 Adresse: Regimentsvegen 158, 5705 Voss