Din rekneskapsførar

Med dagens teknologi er det ikkje nødvendig å ha ei dyr intern økonomiavdeling. Er det gode interne rutinar vil du i dei fleste tilfelle få ein billigare og mindre sårbar funksjon ved å setja økonomiavdelinga ut til ein profesjonell aktør. 

Vi har kan styra arbeidsoppgåvene til medarbeidarane, samtidig som ein person hjå oss er økonomisjefen din.  På denne måten optimaliserar vi kostnaden ved å bruka ulik kompetanse på rekneskapsproduksjon og analyse, rapportering og rådgjeving. Dette gjev auka kvalitet til konkurransedyktig pris.


Eit anna viktig moment er at selskapet ditt er mindre sårbar ved ferieavvikling og sjukdom. Vi vil alltid ha ressursar som kan steppa inn på kort varsel fordi vi utarbeidar detaljerte rutinebeskrivelsar på arbeidet vi utfører for selskap ditt.

Systema våre er web baserte og er tilgjengeleg så lenge du har tilgang til internett.  Dette gjev deg ein fleksibilitet som gjer at du kan halda deg oppdatert og utføra oppgåvene dine uansett kvar du er.


Rekneskap og fakturering

Med våre system kan rekneskapet ditt vera oppdatert til ei kvar tid.  Ein fordel med eit oppdatert rekneskap er at du er i stand til å reagera tidlig om nødvendig. Har selskapet ein anstrengt likviditet er det viktig at innbetaling og kunderekneskapet er oppdatert så raskt som mogeleg. Dersom betalinga ikkje har kome, er det viktig å ha gode innkrevingsrutinar slik at du raskt er på ballen for å sikra rask betaling. Dette og mykje anna kan vi hjelpa deg med og tilpassa til det som er viktig for deg. 


Ein typisk rekneskapsleveranse omfattar handlingar som

  • Bilagsmottak av inngåande faktura inkl. prosessering og evt. senda til godkjenning. I godkjenningsfasen påfører du evt. prosjekt og avdeling
  • Registrering av opplysningar og ta stilling til mva-behandling, periodisering, dokumentasjonskvalitet.         
  • Leggja faktura i forfallsliste klar for behandling/betaling.
  • Utføra betaling som du kan gjera sjølv eller setja bort til oss
  • Oppdatera rekneskapet med utførte betalingar og ajourføra leverandørrekneskap
  • Vi utfører fakturering eller legg til rette for at du kan gjere dette sjølv.
  • Utfører lovpliktige avstemmingar periodisk, inkludert lovpliktige spesifikasjonar etter bokføringslova.
  • Utfører lovpålagt rapportering av meirverdiavgift
  • I tillegg til det som er lista over kan vi også bistå med import og eller integrasjon mot spesielle bransjesystem som de brukar.


Løn

Løn til tilsette skal være rett. Vi tilbyr effektiv og kvalitetssikra lønsbehandling for alle typar selskap. Vi registrerer etter grunnlag motteke frå selskapet og sikrar at løn og ytingar vert rapportert inn på rett kode.


Vi hentar skatteopplysningar direkte fra skatteetaten og sender lønslippar og sammanstillingsoppgåve til tilsette.  Månadleg rapporterer vi A-meldingen og utarbeidar nødvendige avstemmingar knytt til skatterapportering.

Har du behov for anna personalrelatert bistand har vi eit eige tenesteområde innan personalrådgivning og HR.  Her får du hjelp til handtering av fråver, personalsaker eller generell personalrådgjeving.

Vi ser til at både tilsette og du som arbeidsgjevar, vert godt ivareteken.


Årsoppgjer

Ein gong i året skal selskapet rapportera årsrekneskap, skattemelding og aksjonærregisteropplysningar. Vi har system og metodar som sikrar kvalitet i utarbeidinga, og vi bistår med innsending til regnskapsregisteret i Brønnøysund og skatteetaten etter fullmakt fra dykk.


Når vi har kontroll på den løpande rekneskapsutarbeidinga går det raskt å kvalitetssikra grunnlaget for utarbeiding av årsoppgjeret. I tilfelle rekneskapet er gjort av andre enn oss, er vi pålagt å utføra ein kontroll av grunnlaget. Då vil vi be om kopi av utførte avstemmingar og føreta ein enkel revisjon av dette før vi kan utarbeida årsrekneskap og skattemelding. Det er difor ikkje nødvendigvis veldig mykje billegare å gjere rekneskapet sjølv dersom du treng bistand frå oss til å laga skattemelding og årsoppgjer. Kanskje smartare å bruka tida di på det du kan best? 


Rådgjeving

Leveransen vår innan økonomisk rådgjeving handlar om å bruka informasjon og data som kjem frå rekneskpapet, løn og årsoppgjersarbeid. Bak kvart tal ligg det ein historie om ein prestasjon, utført av ein tilsett, ei gruppe tilsette, eller heile selskapet. Det er kva du gjer kvar dag, som kjem til uttrykk i tala. Talet i seg sjølv er ikkje det mest interessante, men kvifor det vart som det vart, og ikkje minst korleis du kan påvirka det i rett retning. Les meir om kva vi kan hjelpa med i denne bloggen.


Ei grundig forståing av uteståande fordringar, kredittider og omløpstider er viktig for god og likvid forretningsdrift. Vi kan hjelpa til med analysar, og gje råd som verkar. Vi kan også bistå i møte med bank, og overvaka betingelsar, slik at du til ei kvar tid har dei beste vilkåra.
Som rekneskapsførar sit vi med mykje kunnskap som selskapet kan ha nytte og glede av. Det er mange måtar å organisera rådgjevinga på.  Nokon ynskjer å bruke oss som økonomisjef og styrekonsulent, andre ynskjer frittstående analysar.

Tenester som kan leverast innan dette området er
•    Budsjettering, rapportering og prognose
•    Rekneskapsanalyse, kostnadsanalysar og fortenesteanalyser
•    Selskapsorganisering. Stifting av selskap, fusjon, fisjon og avvikling
•    Økonomiske disposisjonar som utbytte, konsernbidrag, kapitalforhøying og kapitalnedsetjing.
•    Spørsmål knytta til skatt og meirverdiavgift
•    Spørsmål knytta til aksjeselskapsrettslege forhold generelt
•    Styrekonsulent
•    Utleige av økonomisjef og rekneskapssjef


Innkrevjing

All oppfølging av kundar kan skje automatisk ved hjelp av Xledger og du kan no gløyma alle kostnadar knytt til faktoringselskap. Me samarbeidar med Kreditorforeningen.



Personalrådgjeving/HR

På tenesteområde personalrådggjeving/HR skal vi bistå leiarar i spørsmål som omhandler dei tilsette, og få til handlekraft og gjennomføringsevne.

Det kan dreia seg om

  • Fråver (både sjukefråver og anna fråver
  • Personalsaker
  • Personalrådgjeving

Vi passar på at resultatet er i samsvar med regelverk og lovgjeving, samtidig som vi avlastar dagleg leiar slik at andre viktige daglege gjeremål ikkje vert forsømt.

Vidare vil vi vera ei kjelde til informasjon om HR, HMS, arbeidsrettslege forhold og NAV sitt regelverk, i tillegg til å bistå med å fremja godt og målrettea samarbeid med aktuelle parter som NAV, fastlege, bedriftshelseteneste, behandlarar, fagforbund og forsikringsselskap.


Innan område fråvær, hjelpe vi deg med;

  • Eigenmelding – sjukdom born – kronisk sjukdom – sjukemelding i arbeidsgjevarperioden- foreldrepermisjon
    • Oppfylgjing i fylgje regelverk, refusjonsordningar og forsikring(NAV)
  • Sjukemelding utover arbeidsgjevarperioden
    • Oppfylgjing i fylgje regelverk, refusjonsordningar og forsikring
    • Samtalar med tilsette
    • Oppfylgjingsplan til NAV
    • Dialogmøte med fastlege og NAV
    • Saksbehandling         
  • Sjukemelding utover 12 mnd
    • Oppfylgjing med den tilsette
    • Saksbehandling ved eventuell permisjon under innvilga AAP
    • Dokumentasjon og saksbehandling ved eventuell oppseiing etter sjukepengerett er gått ut
  • Anna fråvær
  • Oppfylgjing og saksbehandling


Innan område personalsaker hjelpe vi deg med;

  • Veiledning og støtte i personalarbeidet, inkl. konflikthandtering
  • Drøftingsmøte
  • Dialog med arbeidstakarorganisasjonar, verneombod og BHT
    Dokumentasjon og saksbehandling 

 

Innan området personalrådgjeving hjelpe vi deg med;

  • Tilsetjing- og endringskontraktar
  • Tilrettelegging og omplassering
  • Advarslar, permittering og nedbemanning
  • Melding av yrkesskade 
  • Retningslinjer og rutinar

Har du ei sak,  kan du ta kontakt med vår personalrådgjevar Bente Fjeld på 95753243 eller e-post: bente@tindok.no og drøfte saka.  Første samtala er gratis

Personalrådgjevaren vil kunne fortelje deg kva vi kan bidra med.  



Til toppen