Din rekneskapsførar

Timaglaset har som målsetting å vera ein naturleg del av di interne økonomiavdeling.
Ved å nytta Timaglaset som rekneskapsførar får du full kontroll og tilgang 24/7. Det nettbaserte rekneskapsprogrammet Xledger gjev enkel og effektiv rekneskapsregistrering, og du får tid til å fokusera på andre oppgåver.


Timaglaset held til på Voss, men med det nettbaserte rekneskapsprogrammet Xledger er kundane uavhengige av fysisk avstand. Difor har me kundar mellom anna i Bergen, Hardanger, og Aurland i tillegg til dei lokale på Voss. Me tek oppdrag frå heile Hordaland.


Rekneskap

Me har som mål å halda ditt rekneskap oppdatert til ei kvar tid og bidra til at du får full oversikt over drifta av verksemda di.

Alt sal av produkt og tenester er ikkje ferdig behandla før det er ført i rekneskapet. Vår oppgåve er å gjera den biten enklast mogeleg for deg. Med rekneskapsystem på nett og elektroniske bilag vert kvardagen din enklare!


  • Bilagshandtering
  • Fakturering
  • Dataflyt frå tredjepartsystem som til dømes kassasystem, bookingsystem, timeregistrering eller anna. Data kan hentast og bokførast automatisk.
  • Prosjektrekneskap
  • Remittering
  • Avstemming

Årsoppgjer

Me tek på oss små og store oppgåver i samband med årsoppgjer. Me gjev råd, utarbeidar og sender inn alle lovpålagte oppgåver. 


  • Årsrekneskap
  • Utarbeide resultat og balanse
  • Likningspapir
  • Sjølvmelding
  • Aksjonærregisteroppgåve

Løn

Me tilbyr effektiv og kvalitetssikra lønshandtering for alle typar verksemder, i tråd med krav til lønsregistrering, utbetaling og rapportering. Rådgjeving i spørsmål kring løn og personale.


  • Lønsutbetaling
  • A-melding
  • Refusjonar
  • Utlegg
  • Rapportering
  • Rådgjeving innan løn og personale

Rådgjeving

Me hjelper deg gjerne med spørsmål og utfordringar knytt til drifta di.


  • Dagleg drift
  • Kostnadsstyring
  • Analyser
  • Prosessforbetringar
  • Styre- og generalforsamlingsarbeid
  • Skatte- og avgiftsspørsmål
  • Andre aktuelle spørsmål

Innkrevjing

All oppfølging av kundar kan skje automatisk ved hjelp av Xledger og du kan no gløyma alle kostnadar knytt til faktoringselskap. Me samarbeidar med Kreditorforeningen.




Til toppen