Xledger - Rekneskapsprogram på nett

Xledger har mange funksjonar som vil gjere din økonomiske kvardag enklare og meir oversiktleg.


Ved hjelp av Xledger vil det vere lettare for deg å fylgja den økonomiske utviklinga i verksemda di. I rekneskapsprogrammet er det mange rapportar og spørremoglegheiter som vil gje deg likviditetsanalyser, forfallsdato på inn- og utgåande faktura og andre oppstillingar som du måtte ha behov for.
Ved hjelp av Xledger vil medgått tid til manuelle rutiner som til dømes bilagsregistrering og bankavstemming verte redusert. Her kan banken fullintegrerast slik at alt vert betalt frå Xledger og alle saldoar og banktransaksjonar vert lest inn automatisk.


Sertifisering

Gullpartner 2013/2014
Gullpartner 2013/2014
Gullpartner 2014/2015
Gullpartner 2014/2015
Gullpartner 2015/2016
Gullpartner 2015/2016
Gullpartner 2016/2017
Gullpartner 2016/2017

Timaglaset er sertifisert gullpartner. For å oppnå status som gullpartner må verksemda gjennom eit sertifiseringsprogram og tilfredsstilla visse kvalitetskrav. 



Rekneskapsprogram på nett


Xledger.no har laga ei liste kring fordelane ved bruk av systemet.


1. Spar resursser

Effektive og kostnadssparande arbeidsprosessar. Tidlegere manuelle prosessar, som bankavstemming og arbeidsflyt, er automatisert.

2. I nettskya

Sidan systemet er skybasert er det òg tilgjengeleg kor tid som helst og kvar som helst, uavhengig av nettleser. I tillegg er systemet bygd i skya og er difor meir eigna i skya enn tradisjonelle system som er flytta over til skya.

3. Automatiske oppgraderingar

Ingen lokale installasjonar, oppgraderingar eller vedlikehald for deg som kunde. Du jobbar alltid på siste versjon av systemet. Me tar ansvar for å levera ein funksjon, drift og forvaltning av systemet og hele IT-miljøet. Ingen tvil om ansvarsgrenser.

4. Rask og forutsigbar implementering

Vesentleg kortare implementeringstid enn standard ERP-systemer. Låge investeringar ved alle behov for endringar. Pay as you go – ingen investering.

5. Alltid oversikt og kontroll

Umiddelbar tilgang til oppdatert styringsinformasjon med visuell og intuitiv oversikt, i alle dimensjoner. Forbetre beslutningsgrunnlaget basert på analyse og tilgang til real-time data.

6. Skalerbart

Systemet vert utvikla i takt med verksemdas behov, du kan starta som ei lita verksemd og vekse deg stor utan å måtte byte system. Systemet dekker komande behov. Dette gjeld òg om ei verksemd ekspanderer eller startar samarbeid globalt.

7. Stabilt og sikkert

Oppetid på 99,98 %. Me køyrer regelmessig backup og testing av restore, som gjev ein høgare driftsikkerheit og mindre risiko for di verksemd.

8. Enkel arbeidsdeling

Det er enkelt å dela arbeidsoppgåver mellom medarbeidarar og regnskapsbyrå samt involvera eksterne partnarar, slik som t.d. revisorar. Det at ein lærer av andre, reduserer risiko for feil, som gjev større lønsemd.

9. Integrasjon med andre systemer

Xledger tilbyr en rekkje moglegheiter for å overføra forskjellige typar data frå eksisterande system til Xledger, og omvendt, mellom anna kunde- og leverandørdata, kunde- og leverandørtransaksjonar, hovedbokstransaksjonar, kassedata, tilsettdata, produkt og bankinformasjon (mellom anna transaksjonar og bilag).

10. Alt-i-eit system

Du treng ikkje tilleggssystem for timeføring, prosjektleiing, logistikk, skanning, dokumentflyt eller andre funksjonar. Alt er i eit system.


Xledger på mobil

Er du mykje på farten eller ute i feltet? Liker du å halda deg oppdatert til ei kvar tid på den økonomiske situasjonen? Då kan Xledger på mobil vere nyttig for di verksemd. Her får du tilgang til mange nyttige funksjonalitetar frå din smarttelefon eller nettbrett:


  • Timeføring
  • Reiserekning og utleggsrefusjon
  • Tilsettliste
  • Grunnleggande brukarinnstillingar
  • Godkjenne timelister
  • Godkjenne reiserekningar
  • Bilagsgodkjenning
  • Godkjenne betalingar i forfallslista (bank)
  • Laste opp bilag
  • Oppdatert banksaldo


Til toppen