Din rekneskapsførar

Timaglaset har som målsetting å vera ein naturleg del av di interne økonomiavdeling.
Ved å nytta Timaglaset som rekneskapsførar får du full kontroll og tilgang 24/7. Det nettbaserte rekneskapsprogrammet Xledger gjev enkel og effektiv rekneskapsregistrering, og du får tid til å fokusera på andre oppgåver.


Timaglaset held til på Voss, men med det nettbaserte rekneskapsprogrammet Xledger er kundane uavhengige av fysisk avstand. Difor har me kundar mellom anna i Bergen, Hardanger, og Aurland i tillegg til dei lokale på Voss. Me tek oppdrag frå heile Hordaland.


Rekneskap

Me har som mål å halda ditt rekneskap oppdatert til ei kvar tid og bidra til at du får full oversikt over drifta av verksemda di.

Alt sal av produkt og tenester er ikkje ferdig behandla før det er ført i rekneskapet. Vår oppgåve er å gjera den biten enklast mogeleg for deg. Med rekneskapsystem på nett og elektroniske bilag vert kvardagen din enklare!


  • Bilagshandtering
  • Fakturering
  • Dataflyt frå tredjepartsystem som til dømes kassasystem, bookingsystem, timeregistrering eller anna. Data kan hentast og bokførast automatisk.
  • Prosjektrekneskap
  • Remittering
  • Avstemming

Løn

Me tilbyr effektiv og kvalitetssikra lønshandtering for alle typar verksemder, i tråd med krav til lønsregistrering, utbetaling og rapportering. Rådgjeving i spørsmål kring løn og personale.


  • Lønsutbetaling
  • A-melding
  • Refusjonar
  • Utlegg
  • Rapportering
  • Rådgjeving innan løn og personale

Årsoppgjer

Me tek på oss små og store oppgåver i samband med årsoppgjer. Me gjev råd, utarbeidar og sender inn alle lovpålagte oppgåver. 


  • Årsrekneskap
  • Utarbeide resultat og balanse
  • Likningspapir
  • Sjølvmelding
  • Aksjonærregisteroppgåve

Rådgjeving

Me hjelper deg gjerne med spørsmål og utfordringar knytt til drifta di.


  • Dagleg drift
  • Kostnadsstyring
  • Analyser
  • Prosessforbetringar
  • Styre- og generalforsamlingsarbeid
  • Skatte- og avgiftsspørsmål
  • Andre aktuelle spørsmål

Innkrevjing

All oppfølging av kundar kan skje automatisk ved hjelp av Xledger og du kan no gløyma alle kostnadar knytt til faktoringselskap. Me samarbeidar med Kreditorforeningen.



Personalrådgjeving/HR

På tenesteområde personalrådgjeving/HR hjelper vi leiarar i saker som handlar om tilsette. Vi vil sørge for handlekraft og at sakene blir gjennomført på ein god måte.

Det kan dreie seg om

  • Fråvær (både sjukefråvær og anna fråvær)
  • Personalsaker
  • Personalrådgjeving

Vi vil sørge for at resultatet er i tråd med regelverk og lovgiving, samstundes som vi avlastar daglig leiar slik at andre viktige daglige gjeremål ikkje blir skadelidande.

Vi vil vere ein kjelde til informasjon om HR, HMS, arbeidsrettslege forhold og NAVs regelverk, samt hjelpe til å fremme godt og målretta samarbeid med aktuelle partar som NAV, fastlege, bedriftshelseteneste, behandlarar, fagforbund og forsikringsselskap.


Innan området fråvær hjelper vi deg med;

  • Eigenmelding – barns sjukdom – kronisk sjukdom – sjukemelding i arbeidsgjeverperiode- foreldrepermisjon
    • Oppfølging av regelverk, refusjonsordningar og forsikring(NAV) 
  • Sjukemelding utover arbeidsgjeverperiode
    • Oppfølging av regelverk, refusjonsordningar og forsikring (NAV) 
    • Samtalar med tilsette
    • Oppfølgingsplan til NAV
    • Dialogmøter med fastlege og NAV
    • Sakshandsaming
  • Sjukemelding over 12 månader.
    • Oppfølging med den tilsette
    • Sakshandsaming ved eventuell permisjon under innvilga AAP
    • Dokumentasjon og sakshandsaming ved eventuell oppseiing etter sjukepengeretten er gått ut.
  • Anna fråvær
    • Oppfølging og sakshandsaming

 

Innan område personalsaker hjelper vi deg med;

  • Rettleiing og støtte i personalarbeidet, inkl. konflikthandtering
  • Drøftelsesmøter
  • Dialog med arbeidstakarorganisasjoner, verneombud og BHT
  • Dokumentasjon og sakshandsaming

 

Innan området personalrådgjeving hjelper vi deg med;

 

  • Tilsetjing- og endringskontrakter
  • Tilrettelegging og omplassering
  • Advarslar, permittering og nedbemanning
  • Melding av yrkesskade 
  • Retningslinjer og rutinar

 

Har du ei sak,  kan du ta kontakt med vår personalrådgjevar Bente Fjeld på 95753243 eller e-post: bente@tindok.no og drøfte saka.  Første samtala er gratis

Personalrådgjevaren vil kunne fortelje deg kva vi kan bidra med.  



Til toppen