Om Timaglaset

Timaglaset er eit moderne rekneskapskontor, der alle økonomitenester er nettbasert. Me er eit økonomikontor med fokus på rekneskap, løn, rådgjeving og andre backofficefunksjonar. Ved bruk av det nettbaserte rekneskapsprogrammet Xledger, gjer me rekneskap på ein moderne måte – mest mogleg elektronisk behandling og minst mogleg papir! Enkelt, oversiktleg og lett tilgjengeleg!



Historie

Etter over 20 år som tilsette bestemte Jan Geir og Svanhild seg for å gjere som kundane og starte eiga verksemd. Timaglaset vart etablert i 2008 og har sidan oppstarten vore i kontinuerleg vekst. Frå to tilsette i starten, jobbar det i dag 7 personar i selskapet med ulik utdanning og bakrunn. Alt i 2013 vart Timaglaset gaselleverksemd. 

Ideen bak Timaglaset var alt frå starten å gjera rekneskap på ein meir moderne måte enn tidlegare. For å få dette til falt valet på å ta i bruk metodar som scanning og automatisering av prosessar. Dette vart valgt for å unngå dobbeltarbeid og for å få til ei arbeidsdeling mellom kunde og rekneskapskontor. Verksemda skulle vere meir integrert med kundane og for å nå dette falt valet på Xledger som hjelpemiddel. 

Namnet til verksemda skulle heller ikkje vere tradisjonelt. Namnevalet skulle vere av betydning og det falt på Timaglaset, som ein finn på gråsideplatået mellom Voss og Hodnaberg. Timaglaset er både eit kjent landemerke, det står på toppen som oss og det symboliserar at me fokuserer på tida til kundane.
Timaglaset held til i moderne kontorlokale på Tvildemoen på Voss.



Tilsette

I Timaglaset har me ulik utdanning og kompetanse som legg eit godt fundament når det kjem til å hjelpe deg som kunde, med små og store utfordringar i din økonomiske kvardag.



Jan Geir Jensen – Autorisert rekneskapsførar og dagleg leiar

Tlf.: 959 75 445
E-post: jan.geir@timaglaset.no

Jan Geir har tidlegare vore dagleg leiar på rekneskapskontor i over 20 år. Han er kreativ og løysingsorientert, og er god som diskusjonspartnar for kundane. Han har brei erfaring med rådgjeving, verksemdsetablering, eigarskifte, skatt og avgift m.m. Jan Geir har kompetanse både innan forretningsrekneskap og landbruk. Han har arbeidt med grunneigarspørsmål og vore med i forhandlingar i slike saker. Han hjelper til ved generasjonskifte.
I tillegg til dette arbeidet har Jan Geir vore bonde og dreve gard i omlag 30 år. Han har såleis mykje praktisk erfaring.

Svanhild Seim – Autorisert rekneskapsførar og styreleiar

Tlf.: 971 13 052
E-post: svanhild@timaglaset.no

Svanhild er i frå Ullensvang, men har budd lenge i Kvinherad før ho flytta til Voss.
Ho er systematisk og ein person ein alltid kan stola på.
Tidlegare har Svanhild jobba i ulike verksemder. Ho har lang erfaring frå rekneskapskontor og brei kunnskap innan faget. Ho har erfaring både med forretningsrekneskap og landbruksrekneskap, bokføring, løn, skatt og avgift.

Randi Knapstad – Rekneskapsmedarbeidar

Tlf.: 991 58 470
E-post: randi@timaglaset.no

Randi har utdanning innan økonomi og administrasjon. Randi har lang arbeidserfaring med mellom anna løns- og personalarbeid, prosjekt og som sekretær. Randi er ein ressursperson innan løns- og personalsaker, og kjem gjerne ut i verksemda for å gje råd og delta på personalmøte.
I Timaglaset er hennar primæroppgåver innan løn, personal og rådgjeving.

Beatrix Tørøk – Autorisert rekneskapsførar

Tlf.: 928 69 642
E-post: beatrix@timaglaset.no

Beatrix kjem frå Ungarn og har budd i Norge sidan 2008. Frå Ungarn har Beatrix økonomisk utdanning og i tillegg har ho teke eksamen i rekneskap/økonomi i Norge. Beatrix har fire års erfaring som rekneskapsmedarbeidar i Ungarn, i større internasjonale firma.
I Timaglaset jobbar ho med bokføring og avstemming.

Rebekka Hesjedal – Autorisert rekneskapsførar

Tlf.: 416 26 560
E-post: rebekka@timaglaset.no

Rebekka kjem i frå Stanghelle og har utdanning innan økonomi og administrasjon og IT. Tidlegare har ho jobba på rekneskapskontor og i ei større shippingverksemd. 
Rebekka kan vere behjelpelig kring utarbeiding av heimeside og andre enklare tekniske spørsmål. 
I Timaglaset jobbar Rebekka med avstemming av rekneskapa, anleggskartotek og terminoppgåver for mva.

 

Andrea Kvale - Rekneskapsmedarbeidar

Tlf: 907 79 204
E-post: andrea@timaglaset.no

Andrea er i frå Voss og har utdanning innan økonomi og administrasjon.
Ho jobbar til dagleg med rekneskapsregistrering og løn.

Bytte rekneskapsførar?

Me ynskjer å forstå verksemda di og hjelpa med å få betre økonomisk kontroll og oversikt. 
Ved hjelp av Xledger kan dette bli ein realitet!
I oppstarten må me kartlegge kva behov dykk har og korleis me på best måte kan møta desse. Me gjennomfører ei behovsanalyse av di verksemd og tilpassar systemet etter dette.
Xledger er eit nettbasert rekneskapsprogram og krev difor minimalt av deg som brukar for å kome i gang.  
Alle oppdateringar skjer sentralt og du vil alltid jobba i den siste versjonen.
Alt rekneskapsmateriale vert lagra digitalt i Xledger etter gjeldande reglar innanfor oppbevaring av rekneskapsmateriale.
 

Ynskjer du meir informasjon eller ein demo av kva me kan tilby, ta kontakt på tlf 406 22 500  eller e-post: jan.geir@timaglaset.no så hjelper me deg!



Jobbe hjå oss?


Ledig stilling som Rekneskapsførar/Controller/Autorisert rekneskapsførar

Ein utviklande jobb innan økonomi og regnskap i ekstremsportbygda Voss. 

Har du utdanning innan økonomi og regnskap og kansje IT ? Lyst på nye utfordringar på eit moderne rekneskapskontor som ikkje lenger har papirbilag, men alt digitalt på web ? Fleksibel arbeidstid. Gode moglegheiter for personlig utvkling.

Timaglaset AS er eit økonomikontor med fokus på rekneskap,  lønn, forretningsførsel, rådgiving og andre backofficefunksjoner. Me held til i moderne kontorlokale på Tvildemoen i Voss og er per i dag 7 tilsette. Sidan oppstarten i 2008 har me vore i kontinuerlig vekst.  For og kunna veksa vidare treng me deg med på laget.  Voss har eit rikt tilbod av fritidaktivitetar, ekstremsport, kultur, festivalar og andre arragement. Med fleksibel arbeidstid kan tilsette gjera seg nytte av dette. Timaglaset gjer rekneskap på ein moderne digital måte med elektronisk behandling og automatisering av regnskapsfunksjonane. Som økonomisystem har me valgt Xledger.  Me nyttar Wolters Kluwer årsoppgjør.

Sentrale arbeidsoppgåver:

- Avstemminger. 
- Periode- og årsavslutning.
- Prosjektrekneskap
- Økonomisk rådgiving 
- Hjelp på andre økonomiske områder etter våre kunder sine behov og  dine kvalifikasjoner 
- Generell rekneskapsføring 
- Lønn

Du har :

- God interesse for økonomi og rekneskap og IT
- Økonomisk utdanning 
- Autorisert rekneskapsfører eller revisor. 
- Løysings- og resultatorientert. 
- Gode kommunikasjonsevne.
- Snakkar og skriv norsk flytande.

Kvifor du skal velja jobb hjå Timaglaset AS :

- Eit stabilt og veletablert selskap i vekst 
- Eit godt arbeidmiljø 
- Variert kundemasse og arbeidsoppgåver 
- Bruk av moderne skybasert økonimisystem
- Me har fokus på effektivisering og automatisering 
- Gode utviklingsmoglegheiter 
- Fleksibel arbeidstid 
- Flotte nye kontorlokale ( Finaste på Voss ! ) 
- Kantine
- Forsikringsordningar


Facebook

Føl oss gjerne på facebook!

 



Adresse

Du finn oss i lyse og trivelege lokalar øvst på Tvildemoen.

Adressa er:
Regimentsvegen 158,
5705 Voss

Telefon: 406 22 500
E-post: timaglaset@timaglaset.no

 

 



Aktuelt

 




Til toppen